| Hjort | |
Hjort er vanleg vilt på heile Vestlandet, og variasjonane i tilverkinga av hjortekjøt er store. Det var rikeleg med tilgang på hjortekjøt mange stader, og det smaka godt. Til fest
Hjortekjøt frå bog eller lår (ca 2 kg til 6 - 7 personar) salt pepar margarin 80 gram kveitemjøl litt løk ca. 1 liter sjy Tørk av steika med ein våt klut. Gni ho inn med salt og pepar og og brun ho godt på ei varm steikepanne med margarin. Ta steika av steikepanna og legg ho nedi ei langpanne i rykande varm omn (180 - 200 grader). Steika held best på krafta om ho surra med hyssing. Steik i ca 30 minutt pr. kg. kjøt, då er ho gjennomsteikt. Spe med kokande vatn, kraft og kanskje litt løk. Kvart 10. minutt bør det ausast over sjy (væska som ligg i botnen av langpanna). Kvil steika i romtemperatur før du skjer ho opp. Saus: sil skyen, lag bruning/jamning av smør og kveitemjøl, kok dette opp og smak til med krydder, litt einerbær om du har, fløyte, litt brunost og litt rømme. Steika blir skoren opp og saus, kokte poteter og grønsaker vert servert til. (Fra Marit Dyrstad sin hjemmeside, Kokebok fra Nordfjord) |
|
| Du finner denne oppskriften igjen på: http://tradisjoner.no/oppskrift773.html |
|