tradisjoner og tradisjonsmat
 Hjem
Når maten er spist, er måltidet gjort, enten det er lite eller stort.       
Gå nederst på siden




















OPPSKRIFT

Lagt inn den 25.11.2002
Sendt inn av Magnus Thor Magnusson
Print ut oppskriften Send denne oppskriften til en bekjent
Hjort


Hjort er vanleg vilt på heile Vestlandet, og variasjonane i tilverkinga av hjortekjøt er store. Det var rikeleg med tilgang på hjortekjøt mange stader, og det smaka godt. Til fest eller til søndagsmiddag vart det gjerne brukt hjortesteik.

Hjortekjøt frå bog eller lår (ca 2 kg til 6 - 7 personar)
salt
pepar
margarin
80 gram kveitemjøl
litt løk
ca. 1 liter sjy


Tørk av steika med ein våt klut. Gni ho inn med salt og pepar og og brun ho godt på ei varm steikepanne med margarin. Ta steika av steikepanna og legg ho nedi ei langpanne i rykande varm omn (180 - 200 grader). Steika held best på krafta om ho surra med hyssing. Steik i ca 30 minutt pr. kg. kjøt, då er ho gjennomsteikt. Spe med kokande vatn, kraft og kanskje litt løk. Kvart 10. minutt bør det ausast over sjy (væska som ligg i botnen av langpanna). Kvil steika i romtemperatur før du skjer ho opp.
Saus: sil skyen, lag bruning/jamning av smør og kveitemjøl, kok dette opp og smak til med krydder, litt einerbær om du har, fløyte, litt brunost og litt rømme. Steika blir skoren opp og saus, kokte poteter og grønsaker vert servert til.

(Fra Marit Dyrstad sin hjemmeside, Kokebok fra Nordfjord)
Antall treff: 4768
Flere oppskrifter fra denne kategorien

Søk i over 200 norske nyhetskilder hos Kvasir.

Besøk ABC Matoppskrifter
Valid HTML 4.01! © Magnús Þór Magnússon 2002 - 2005 Gå øverst på siden