Eller klubb som det heiter i Nordfjord var og er brukt heile året til middag. Nokre serverer kokte poteter og kålrot og litt kjøt attåt, andre har steikt bacon/flesk, røykte svineknokar og kokt kålrot til, andre brukar pølser til osv. I tillegg vert det gjerne servert sukker til eller rømme og sirup som klubben/raspeballane vert duppa oppi. Til drikke er det saft eller surmjølk.
0,5 kg kokte poteter
1 kg rå poteter
1 lita ss salt
7 ss kveitemjøl
ca. 5 dl byggmjøl
Rasp potetene og bland godt med dei andre ingrediensane. Form til ballar: ta deigen oppi i ei våt spiseskei og form i handa. Trykk gjerne ein fleskebit inni midten av raspeballen før du legg ballen i gryta med rykande varmt vatn. Ta gjerne 1 - 2 spiseskeier buljong i vatnet fyrst. La raspeballane trekke i 30 - 40 minutt; alt etter kor store dei er.
(Fra Marit Dyrstad sin hjemmeside,
Kokebok fra Nordfjord)