tradisjoner og tradisjonsmat
 Hjem
Det renn mykje vatn medan møllaren søv.       
Gå nederst på siden




















OPPSKRIFT

Lagt inn den 25.11.2002
Sendt inn av Magnus Thor Magnusson
Print ut oppskriften Send denne oppskriften til en bekjent
Potetkaker / lompe


Potetkaker (eller lompe) er utnytting av den kokte og poteta etter middagen: var det poteter att, vart det som regel òg kaffimat. Potetkaka vart servert med litt smør og sukker eller sirup på.
For at potetkakene skal bli fine, må potetene malast gjennom ei kvern både to og tre gongar. Dette vart ikkje alltid gjort til kvardags: Då brukte dei gjerne ein gaffel til å knekke potetene med.
Mal dei kokte potetene, kna dei godt i litt mjøl så mykje at dei kan kjevlast ut. Har du ikkje kjevle kan du klappe dei ut med fingrane. Stikk potetkakene ut med eit rundt lokk, ei skål eller liknande. Steik dei på svak varme enten på ei takke eller ei steikepanne. Potekakene blir best om du malar potetene når dei er litt varme, og brukar lite mjøl.

(Fra Marit Dyrstad sin hjemmeside, Kokebok fra Nordfjord)

Antall treff: 4374
Flere oppskrifter fra denne kategorien

Søk i over 200 norske nyhetskilder hos Kvasir.

Besøk ABC Matoppskrifter
Valid HTML 4.01! © Magnús Þór Magnússon 2002 - 2005 Gå øverst på siden