Frå gamalt av er dette ein tradisjons-rett frå vestlandet. I Nordfjord er det vanleg å bruke lammesider (ribber) som vert salta og tørka. Nokre likar òg å røyke desse sidene etter salting. Dette var og er den vanlege middagen på julafta.
Oppskrift:
Fåresider/sider av lam , grovsalt, bjørkepinnar.
Sidene skal leggast i saltlake i 2-3 døgn. Heng dei til tørk i 2-3 månader på ein tørr og luftig stad. Dagen før bruk må du dele opp sida, og legge delane i vatn (natta over). Legg bjørkepinnar i botn på gryta, dekk botnen i gryta med vatn og legg kjøtet oppå bjørkepinnane. Damp kjøtet i 2 - 2,5 timar til kjøtet er mørt og delvis løsnar frå beina.
Rett før servering kan du sette kjøttet inn i ein godt varma omn, slik at du får ei sprø steikeskorpe. Enkelte stader i Nordfjord strør dei lite-grann sukker på toppen før dei set kjøtet i omnen. Då blir skorpa sprø og fin. Men sprø-steikinga er ikkje nokon vanleg tradisjon i Nordfjord, den er komen dei siste 10-åra.
Servèr pinnekjøtet saman med nykokte poteter, kålrotstappe, ribbefeitt og gjerne litt surkål eller rødkål og kanskje litt tytebærsylte. Det er òg vanleg å servere dampa mår-pølse attåt, eller dampa fårekorv. I tillegg vert det nokre stader servert “fiskelefse” til: Du legg kjøt, poteter og anna tilbehør opp på lefsa, brettar lefsa rundt, og dyppar dette i ribbefeitt.
(Fra Marit Dyrstad sin hjemmeside,
Kokebok fra Nordfjord)