tradisjoner og tradisjonsmat
 Hjem
Ein god hest er ikkje vanda for eitt lyte.       
Gå nederst på siden




















OPPSKRIFT

Lagt inn den 25.11.2002
Sendt inn av
Print ut oppskriften Send denne oppskriften til en bekjent
Kubbesild frå Utvik og Stryn


Fersk storsild må vaskast godt og tørrsaltast på eit bord. Legg silda på ryggen mot bordet med eit godt lag av grovsalt under. Legg silda lagvis og strø salt over. La silda ligge i tre døgn. Prøv om ho er passeleg salt. Ta silda opp frå saltet og vask av saltkorna. Heng silda til røyking ein dag. Til røyking er det best å bruke einer til brensel for at smaken skal bli best mogeleg. Heng silda til speking på ein luftig stad.

eller:

Ta innmaten ut av silda og kapp av hovudet. Vask silda godt og legg ho i saltlake. Saltlaken lagar du slik: Vatn (så mykje at det dekkjer det du skal salte), og salt kokar du oppi ein kjele/gryte. Laken er salt nok når ei vanleg rå potet flyt på laken. Laken må vere kald før han kan brukast. Silda skal ligge i laken eit døgn. Ta silda opp av laken og heng ho til tørk i 3 - 4 veker.
Steik silda på rist i omnen ved svak varme, ca. 150 grader.Server silda med kokte, kalde poteter og flatbrød til. (Matoppskrifter frå Indre Nordfjord)

(Fra Marit Dyrstad sin hjemmeside, Kokebok fra Nordfjord)

Antall treff: 1909
Flere oppskrifter fra denne kategorien

Søk i over 200 norske nyhetskilder hos Kvasir.

Besøk ABC Matoppskrifter
Valid HTML 4.01! © Magnús Þór Magnússon 2002 - 2005 Gå øverst på siden