2 dl heilgryn
3 l vatn eller kjøttkraft
5 dl kålrot-terningar
5 dl gulrot-terningar
5 dl potet-terningar
1 hakka lauk
3 stk spekesild
3 ts timian
litt pepar
graslauk/persille
Bløyt gryna natta over. Kok ho 2 timar i krafta. Ha i grønsakene og kok vidare til dei er møyre. Ha utvatna, oppskoren sild oppi kjelen og la supa få eit lite oppkok.
Dryss over timian og kryddergrønt. Server med hardbrød attåt.
Publisert med tillatelse fra
ABC Matoppskrifter.